• EnglishFrenchGermanItalianPortugueseRussianSpanish

Tre ukers hospitering i Philadelphia, PHS-studenter på tur.

Tre ukers hospitering i Philadelphia, PHS-studenter på tur.
Takk til Thea Cecilie Engelsen, informasjonskoordinator ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt, som gav oss tillatelse til å redigere og publisere teksten.  

 

«Tekne imot som del av Politifamilien»

Tre veker som hospitantar i Philadelphia i USA og politihøgskulestudentane Hege Svendsberget og Line Løkken fekk verkeleg oppleva breidda av amerikansk politiarbeid – inkludert som fullverdige medlemmer av storfamilien ”brothers in blue”. 

Philadelphia er ein storby med 1.5 millionar innbyggjarar og kjent for hard kriminalitet.

Dei to går andre året på Politihøgskulen og har i år praksis i HSPD, stadplassert Haugesund politistasjon. I løpet av praksisåret skal studentane hospitera tre veker utanfor politidistriktet. Medan storparten av studentane hospiterer ved allereie etablerte samarbeidspartnarar som i barneverntenesta, kriminalomsorga og ved psykiatrisk sjukehus, tok Hege og Line initiativ og søkte om hospitantplass i USA.

Line_artikkel (1)

Ein ser ofte korleis amerikansk politi blir framstilt på film. Me syntes det ville vera spennande å få oppleva korleis det verkeleg er, få avkrefta eller stadfesta dei tankane ein har, sjå metodane dei bruker og kva me kan læra av dei. Omkring 10 søknadar blei sendt og til slutt stod det mellom Philadelphia og Salt Lake City. Opphaldet måtte godkjennast av Politihøgskulen for å sikra at hospiteringa tilfredstilte krava til fagleg utbytte. Philadelphia, som ligg i staten Pennsylvania på USA sin austkyst, har ein politistyrke på 6600 og er delt i to hovudområde – område Sør og område Nord der dei to studentane var stasjonert.

Opphaldet blei dekka av eigne lommebøker, men med gode avtalar og støtte frå Philadelphia-politiet vart prisen overkommelig.

 

Line_artikkel (2)

 

Ingen ferie

Programmet var tett gjennom tre veker.  Me blei henta klokka 0730 kvar morgon og var ikkje tilbake før mellom 1800-2200 på kvelden. I løpet av tre veker var me med på bilpatrulje, helikopterpatrulje, introduksjon til SWAT og bombesskvadron, innsikt i etterforskingsavdeling og krimteknisk, besøk i hovudkvarteret, med på toppleiarmøte og besøk på Politiskulen, fortel dei.

Line_artikkel (6) Line_artikkel (5)

I Philadelphia er drap, valdtekt og gjengkriminalitet daglegdagse hendingar i einskilde områder. Våpenkulturen både i og utanfor politietaten skil seg dramatisk frå Noreg og det same gjer metodane som til tider blir brukt av politiet.

–          Det er stor kontrast i samband med bruk av våpen og arbeidsmetodar, men så har dei òg eit heilt anna utgangspunkt enn me har her i Noreg. Etter opphaldet har eg innsett kor glad eg er for å arbeida som politi i Noreg, fortel Line.

–          Einskilde gonger opplever ein metodane dei brukar som ganske brutale. Dei må setja seg i respekt og kan ikkje framstå som svake, særskilt i dei tøffaste områda. Kriminalitetsbilde og gjengkulturen der borte er så innarbeidd og vanskeleg å snu, medan her heime føler eg politiet har høve til å gjera ein større skilnad, reflekterer Hege.

Dei to studentane vektlegg likevel at det er stor skilnad mellom områda i Philadelphia. Medan deler av byen er prega av gjengkriminalitet, narkotika og vald, finnes det områder som liknar meir på situasjonen her heime. Utanfor dei tøffaste områda har innbyggjarane kjemperespekt for politiet. Metodebruken er her annleis og ein må skilja mellom områda. Det er tydelig at politiet har høg tillit blant befolkninga, fortel dei.

Line_artikkel (4)

 

Teknologi og overvaking

Medan politikontora i Philadelphia likna nedslitne arbeidsbrakker, imponerte amerikanarane meir med teknologien. Storskala overvaking og analyseutstyr blei lagt merke til av dei norske studentane. I Noreg har me eit mykje strengare lovverk som vernar om privatlivet. Der har politiet sjølve overvakingskamera over heile byen. Er det noko dei veit står på, kan dei innretta kamera etter det og følgja ekstra med, skildrar dei to.Studentane kunne òg fortelja om omfattande kartleggings system som identifiserte og trakk samanhenger mellom kriminalitetsbilde og kriminalitetsutøvarar i dei forskjellige områda av byen.

 Line_artikkel (3)

– Alle politibilane hadde fastmontert PC i bilane, men dette utstyret var eldre enn det me nytter her heime, legg dei likevel til. Det var ikkje berre dei to studentane som kom til Philadelphia for å læra. Dei møtte òg svært lærevillige kollegaer i Philadelphia. Alle me møtte var svært opne og sjenerøse. Haldninga var at De er politi, me er politi, me er brothers in blue – kollegaer. Dei viste stor interesse for Noreg, utdanningsløpet og politikvardagen her. Det overraska meg kor mykje einskilde kunne om Noreg, fortel Hege.

Medan nordmennene ristar på hovudet av våpenkulturen i USA, rista amerikanarane på hovudet av våpenlovgivinga i Noreg. Krava til å bli politi i Noreg vekte òg merksemd frå amerikanarane. I Pennsylvania inneber politiutdanning 9 månader på Politiskule. Eit prøveprosjekt er derimot starta der ein i tillegg må ha 2 år på college før ein kan søkja seg inn på Politiskulen. Det skil seg likevel frå den tre år lange fagretta høgskuleutdanninga ein har i Noreg.

Dei to studentane er no halvvegs i praksisåret i HSPD. Til hausten skal dei tilbake og gjennomføra tredjeklasse på Politihøgskulen. For augneblinken er dei nøgde med å vera tilbake i Haugesund etter vekene i USA og gler seg til å koma i gang med polititenesta igjen.

Me trives svært godt i Haugesund. Det er bra folk som arbeider her. Alle er flinke til å involvera studentane som likeverdige  og me blir inkludert i det sosiale miljøet. Ein blir mykje tryggare på seg sjølv når ein blir inkludert som ein del av gjengen. Det set me stor pris på. Som student kjenner ein mykje utryggleik og då er det godt å føla seg trygg på dei ein arbeider saman med, fortel dei to.

 

 

 

 

Av: Vidar T
16.03.2014

Copyright © 2012 · Utviklet av Adaptor Consulting ·